Grenseverdiar for mat

Tilbake

Publisert 16.08.2013, oppdatert 23.01.2015 14:07

Stikkord: Radioaktivitet i miljøet, Grenseverdier radioaktivt cesium

Etter Tsjernobyl-ulykka fastsette Mattilsynet grenseverdiar for kor mykje radioaktivt cesium det er lov å ha i mat som skal omsetjast. Dersom innhaldet av radioaktivt cesium i matvarer går over grenseverdiane, kan ikkje maten seljast. Dei som har dyr, må framleis gjennomføre tiltak for å redusere nivåa i dyr som beitar i forureina område.  

 

Grenseverdiar i dag for radioaktivt cesium i Noreg: :

  • Mjølk og barnemat: 370 Bq/kg
  • Tamrein, vilt og vill ferskvassfisk: 3000 Bq/kg
  • Andre matvarer (inkludert honning, sopp og bær): 600 Bq/ kg

Sidan mjølk er eit viktig næringsmiddel for barn, er det særs viktig å overvake nivåa av radioaktivitet i mjølk. Grenseverdiar for barnemat og mjølk er derfor lågare enn for andre matvarer.

Grenseverdiane skal sørgje for at befolkninga ikkje får for høge stråledosar. Det er det totale årlege inntaket av radioaktivt cesium som betyr noko for stråledosane. Derfor er grenseverdiane noko høgare for matvarer som har gjennomgåande lågare volum for omsetnad og konsum.