Råd om kosthald for radioaktivt cesium

Tilbake

Publisert 16.08.2013, oppdatert 23.01.2015 14:06

Stikkord: Radioaktivitet i miljøet, Kostholdsråd

Mattilsynet har eigne råd om kosthald for personer som et mykje reinkjøt eller naturprodukt frå område med mykje radioaktiv forureining.

Mattilsynet sine grenseverdiar gjeld berre for mat som blir omsett. Dersom du til eige forbruk sankar mykje naturprodukt som vilt og ferskvassfisk frå forureina område, er råda om kosthald viktigare enn grenseverdiane. Reindriftsutøvarar blir særleg tilrådde å følgje desse råda, ikkje Mattilsynet sin grenseverdi, ved inntak av forureina reinkjøt.

Mattilsynet sine råd om kosthald for radioaktivt cesium:

  • Totalinntaket for folk flest bør ikkje vere over 80 000 Bq per år
  • Totalinntaket for gravide, ammande og barn under to år bør ikkje vere over 40 000 Bq per år.
  • Ingen bør ete noko slags mat som inneheld meir enn 20 000 Bq/kg.

Inga betyding for vanlege forbrukarar

 Den tilrådde grensa på 80 000 Bq/år har inga betyding for vanlege forbrukarar, fordi deira inntak vil ligge langt under dette. Grensa har heller ikkje noko å seie for deg som berre et reinkjøt og ferskvassfisk nokre få gonger i året.

Døme på måltid som ikkje er over tilrådd grense

 Kor ofte og kor mykje sterkt forureina mat du kan ete, er avhengig av kor forureina maten er. Tabellen under viser kor mykje forureina mat du kan ete, avhengig av innhaldet av radioaktivitet. Dersom du følgjer tabellen, vil ikkje totalinntaket ditt kome over 80 000 Bq radioaktivt cesium i året. I tabellen er det teke omsyn til at vi også får nokon radioaktive stoff frå andre matvarer.

 Radioaktivitet i matvara  Forbruk av reinkjøtt og ferskvassfisk
 600 Bq/kg  100 kg per år  10 måltid i veka
 1000 Bq/kg  60 kg per år  6 måltid i veka
 3000 Bq/kg  20 kg per år  2 måltid i veka
 6000 Bq/kg  10 kg per år  1 måltid i veka
 10 000 Bq/kg  6 kg per år  1 måltid kvar 14. dag
 20 000 Bq/kg  3 kg per år  1 måltid i månaden

Informasjon om nivå i mat

For informasjon om nivåa av radioaktivitet i ulike artar kan du sjå sidene våre om radioaktivitet i landområda, ferskvatn og hav og kyst. Meir informasjon finst også på sidene våre på Miljøstatus.no.