Melding av strålekjelder

Tilbake

Publisert 18.09.2013, oppdatert 27.12.2018 13:17

Stikkord: Stråling i industri og forskning

Verksemder som brukar strålekjelder som etter strålevernforskrifta § 12 er meldepliktig eller eventuelt etter krav som er sette i godkjenningane til den enkelte verksemda, må sende melding til Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) om erverv og bruk av meldepliktige strålekjelder.

Kva for strålekjelder som er meldepliktige og dermed skal meldast via det elektroniske meldesystemet, går fram av § 12 om meldeplikt i strålevernforskrifta og krav gjevne i godkjenningar for strålebruk som den enkelte verksemda eventuelt måtte ha.

I meldesystemet blir kvar enkelt strålekjelde tildelt ein unik ID som oppdatert informasjon om eigarskap og plassering blir knytte til gjennom levetida til strålekjelda. Slik er det mogleg for DSA å følgje strålekjelder frå vogge til grav, og det gjer oss i stand til å hjelpe til med informasjon ved funn av eigarlause strålekjelder og ved hendingar der strålekjelder er involverte.

For å melde strålekjelder går du til https://ems.nrpa.no. Der kan du logge deg inn og registrere verksemda di og kva for strålekjelder.