Kjernekraftverk

Tilbake

Publisert 31.10.2013, oppdatert 13.03.2017 14:36

Stikkord: Atomsikkerhet og kjernekraft

Kjernekraft er ein måte å produsere varme på ved hjelp av energi frå spalting av atoma i kjernebrenselet. Kjernebrenselet består av uran og i nokre tilfelle plutonium.

Bortsett frå sjølve kjernereaktoren består eit kjernekraftanlegg av dei same basisdelane (dampgeneratorar og turbinar) som andre varmekraftanlegg basert på olje, gass eller kol.

Ved spalting av atomkjernar blir det danna spaltingsprodukt, også kalla fisjonsprodukt, og energirik stråling. Denne strålinga blir gjort om til varme som varmar opp vatn. Dette varme vantet blir brukt til å drive dampturbinar som produserer elektrisk straum.

Her kan du lese meir om korleis eit kjernekraftverk fungerer.

Verdas kjernekraftstatus

Kjernekraft stod i 2016 for ca. 11 % av verdas totale produksjon av elektrisk energi.

I september 2016 var det 450 atomreaktorar i drift i verda, fordelt på 31 land. Total installert effekt var ca. 390 GW(e) i 2016.

Frankrike, Ukraina, Slovakia og Ungarner dei landa som i størst grad baserer seg på kjernekraft, der slik kraft i 2016 utgjorde høvesvis 76 %, 56 %, 56% og 53 % av el-forsyninga. 13 land fekk i 2016 dekt minst 25 % av elektrisitetsbehovet sitt ved hjelp av kjernekraft. Tala gjeld berre produksjon av elektrisk energi – ikkje den totale energiproduksjonen. Sistnemnde inkluderer også energi frå kol, olje og gass. 

I Noreg

I Noreg produserer vi ikkje straum av kjernekraft, men vi har to forskingsreaktorar: ein i Halden og ein på Kjeller utanfor Lillestrøm. Begge reaktorane er eigd av Institutt for energiteknikk. Haldenreaktoren leverer damp til Norske Skogs papirfabrikk (Saugbruksforeningen) i Halden, mens restvarmen frå reaktoren på Kjeller blir brukt til å varme opp nærliggande kontorlokale.