Stråledosar til pasienten

Tilbake

Publisert 23.01.2014, oppdatert 03.03.2017 12:31

Stikkord: Tannrøntgen

Stråledosen til pasienten frå dei ulike tannrøntgenapparata varierer mykje. Apparattype, storleik på strålefeltet som treff pasienten, apparatet sine innstillingar og storleiken på pasienten sitt hovud er med på å påverke stråledosen.
Nedanfor er typiske stråledosar til pasienten presenterte. Dosane er samanlikna med dosen frå naturleg bakgrunnsstråling som er om lag 0,004 mSv per dag.

Tabell 1: Typiske effektive dosar til pasienten frå ulike apparattypar. Cone Beam CT (CBCT)-undersøkingane er delt inn i små og medium feltstorleikar med høgder lågare enn 10 cm, og store feltstorleikar med høgder større enn 10 cm.

Undersøking/
apparattype
Merknadar Effektiv dose (mSv) Tilsvarande periode med naturleg bakgrunnsstråling
Vanleg tannrøntgen Eitt røntgenbilde < 0,0015 Nokre timar
Panoramarøntgen 0,003 – 0,02 Nokre timar til nokre dagar
Cephalostat (ceph) < 0,006 Mindre enn to dagar
CBCT Små og medium feltstorleikar 0,01 – 0,7 Nokre dagar til eit halvt år
CBCT Store feltstorleikar 0,03 – 1,1 Nokre dagar til opptil eitt år

Vi ser ut frå tabellen at intraoral tannrøntgen gjev dei lågaste stråledosane og CBCT dei høgaste. Vi ser også at CBCT-undersøkingar med store feltstorleikar gjev generelt høgare stråledosar enn undersøkingar med små feltstorleikar, og derfor er det viktig at tannlegen ikkje brukar større feltstorleikar enn nødvendig.

Kjelder: EU sine evidensbaserte retningslinjer for CBCT