Om IFEs tillatingar etter forureiningslova

Tilbake

Publisert 25.06.2014, oppdatert 01.02.2016 15:20

Stikkord: IFE, Atomsikkerhet og kjernekraft

Tillatingar etter forureiningslova til radioaktiv forureining og handtering av radioaktivt avfall for Institutt for energiteknikk (IFE)

 

Institutt for energiteknikk (IFE) har fått tillatingar til radioaktiv forureining og handtering av radioaktivt avfall for anlegga sine på Kjeller og i Halden. IFE har også fått tillating til å deponere radioaktivt avfall i kombinert lager og deponi for radioaktivt avfall (KLDRA) i Himdalen. I tillatingane er det bl.a. sett krav til utsleppsmengder, utsleppskontroll, handtering av brukt brensel og anna radioaktivt avfall, miljøovervaking, rapportering og avslutning av drift.

1. IFE Kjeller

IFE har tillating til radioaktiv forureining og handtering av radioaktivt avfall i Skedsmo kommune (Kjeller). Tillatinga gjeld reaktordrift, produksjon og behandling av nukleært brensel, produksjon av radioaktive legemiddel og forsking innanfor desse områda, i tillegg til handtering og førebels lagring av radioaktivt avfall. Verksemda gir utslepp til luft og utslepp til Nitelva.

Radavfallsanlegget som IFE driv på Kjeller, behandlar avfall frå eksterne aktørar og avfall frå eiga verksemd i Halden og på Kjeller, bortsett frå brukt kjernebrensel. Avfallet blir behandla på anlegget og pakket i behaldarar som blir deponerte i anlegget i KLDRA-Himdalen. Alle utslepp til vatn frå anlegga på Kjeller blir kanaliserte gjennom radavfallsanlegget og vidare gjennom ei eiga utsleppsleidning til Nitelva. Brukt kjernebrensel og anna radioaktivt avfall som ikkje kan deponerast i KLDRA-Himdalen, blir lagra på Kjeller mens ein ventar på endeleg løysing for handtering av dette avfallet.

2. IFE Halden

IFE har tillating til radioaktiv forureining og handtering av radioaktivt avfall frå verksemda i Tistedalsveien i Halden kommune. Tillatinga gjeld reaktordrift og handtering av radioaktivt avfall. Verksemda gir utslepp til luft og utslepp til elva Tista.

Radioaktivt avfall frå verksemda blir pakka i Halden før det blir transportert for vidare handtering ved radavfallsanlegget på Kjeller. Brukt kjernebrensel blir lagra i Halden mens ein ventar på endelig løysing for vidare handtering av dette avfallet.

3. KLDRA Himdalen

IFE har tillating til å deponere radioaktivt avfall frå eiga og andre si verksemd i KLDRA-Himdalen i Aurskog-Høland kommune. Verksemda består av drift av eit nasjonalt deponi for radioaktivt avfall. Deponiet er eit fjellanlegg med 50 meter fjelloverdekning. Anlegget består av fire like fjellhallar, der tre er for deponering og éin er for lagring av avfall. Avfallet kjem til anlegget ferdig emballert og blir fortløpande plassert inn i deponiet, for så å bli støypt inn i betong.

Lenke til tillatingane