Her finn du produkt og leiker som ikkje tilfredsstill krava i Strålevernlova og -forskrifta. Når det gjeld leiker seier forskrift av 1. april 1996 om sikkerhet ved leketøy (endret 20. februar 2004) i § 11 Radioaktivitet og annen stråling: "Leketøy skal ikke inneholde radioaktive stoffer eller andre komponenter som avgir stråling i en slik form eller mengde at det kan være skadelig for barns helse."
Strålevernet får opplysningar om farlege produkt og leiker selt i Europa via EU og det er utvikla eit system i EU for hurtig utveksling av meldingar om farlege produkt mellom EU/EØS-landa (Rapex).
Meld frå om farlege produkt
Send ein e-post til Strålevernet med opplysningar om moglege strålefarlege produkt.
Vi vil gjerne ha opplysningar om:
- produkttype og produkt
- varemerke/namn
- mogleg adresse og telefonnummer til importør, grossist eller forhandlar
- kvar og kva tid du kjøpte produktet