Strålevernet deltek på toppmøte om kjernefysisk tryggleik

Tilbake

Publisert 09.04.2010, oppdatert 09.04.2010 15:18

12-13 april vert det arrangert toppmøte om kjernefysisk tryggleik i Washington D.C. Rundt 40 land skal delta. Noreg er representert ved statsminister Stoltenberg. President Obama har tatt initiativ til møtet.

Temaet for toppmøtet er å sikre materiale som kan brukast i kjernevåpen, i første rekke plutonium og høganrika uran, ved å ha kontroll gjennom oversikt og fysisk sikring, eller ved å fjerne det. Målet er å gjere eit framsteg i forhold til kontroll og vern av slikt materiale, og bli einige om ein plan for sikring av alt materiale.

Ole Reistad

Ole Reistad

Statens strålevern med sitt ansvar for oppfølging av nukleær sikring ved norske anlegg deltek i den norske delegasjonen. Måndag 12. april vil seksjonssjef Ole Reistad også delta på eit innleiande møte med internasjonale ekspertar og gjennomgå status for eliminering av installasjonar som brukar høganrika uran, eit materiale som også kan brukast i kjernevåpen. 

Toppmøtet kan følgjast på direkte weboverføring (Strålevernet er ikkje ansvarleg for innhaldet på eksterne websider).





Seksjonssjef Ole Reistad.