Noreg med i europeisk solarieprosjekt

Tilbake

Publisert 02.09.2010, oppdatert 03.09.2010 13:14

Stikkord: Solarium

Noreg deltek i det europeiske solarieprosjektet PROSAFE, der det vert utført samanliknande målingar av solarium i ei rekkje europeiske land. Denne veka er ein nederlandsk operatør i Noreg for å måle solarium saman med Strålevernet.


PROSAFE er eit felles EU-finansiert måleprosjekt for europeiske tilsynsmyndigheiter. Det vert no utført målingar av solarium i alle deltakarlanda. Eit forenkla måleinstrument som det er meininga at alle tilsynsmyndigheiter skal nytta, testast slik at tilsyn med solarium kan harmoniserast mellom landa.


Ein operatør frå Nederland, Hans Feijen, reiser no rundt til alle deltakarlanda med eit nøyaktig måleinstrument som målar heilt korrekt UV-stråling. Feijen frå VWA, den nederlandske myndigheita for sikkerheit og beredskap, er denne veka i Noreg for å måle solarium saman med Strålevernet. Nokre solstudio i det sentrale austlandsområdet er plukka ut for desse målingane. Samstundes nyttar vi høvet til å få ei ekstern kvalitetssikring av dei måleapparata som nyttast til kommunalt tilsyn.


Dei fleste land i Europa har same grenseverdi som Noreg. Meininga med prosjektet er at alle land skal gjere tilsyn på same måte, målingane harmoniserast og nivået for UV-stråling verta det same i heile Europa. I fleire av desse landa er det innført 18-årsgrense og krav om betening for å kunne gje god rettleiing til kvar einskild kunde, noko som no og vurderast i Noreg.

 

Måling av solarium (foto: Statens strålevern).

Måling av solarium (foto: Statens strålevern).


Hans Feijen i gang med måling av solarium i eit norsk solstudio.