Lasertryggleik

Tilbake

Publisert 10.09.2010, oppdatert 30.08.2011 14:56

Bøått lys (Foto: Statens strålevern)Stadig kraftigare berbare laserkjelder vert produsert og seld til ein stadig lågare pris. Det gjev auka fare for at befolkninga vert utsett for helsefarleg laserstråling, noko som i fyrste rekkje utgjer ein risiko for synet. Strålevernet er bekymra for norske brukarar.

Strålevernet får eit aukande mengde meldingar om forskjellege laserhendingar. Laserteknologien er i utvikling, prisen på sterke laserar går ned, og er dei er meir tilgjengeleg for publikum. Liknande trekk kan me sjå i Europa og i USA.

Strålevernet er bekymra for lasertryggleiken for befolkninga. Dette gjeld både dei som sjølv skaffar seg sterkare laserar, og dei som ufrivilleg vert utsett for eksponering. Det er eit stort tilbod av forskjellege laserar på internett. Nordmenn nyttar seg i aukande grad av desse tilboda. Jamleg vert det meld om bruk av laser mot ulike transportmiddel som fly og bilar, noko som skaper særs farlege situasjonar. På internasjonale idrettsbanar har me den seinare tida sett bruk av laserpeikarar mot utøvarane.

Særleg er det grunn til å åtvare mot berbare klasse 4 laserar. Det amerikanske laserinstituttet LIA melder om sal av sterke blå laserar til ein billeg penge på internett. Ingen brukarar må skaffe seg så sterke laserar utan tilstrekkeleg kunnskap om lasertryggleik og handtering av instrumenta.

For å kunne bruke dei kraftigaste klasse 4 laserane i Noreg, må bruken være grunngjeven. Desse kjeldene skal og meldast inn til Strålevernet. For å redusera bruk av laser som ikkje er naudsynt, føreslår Strålevernet ei innstramming i bestemmingane.