Overvaking av radioaktiv forureining i ku- og geitemjølk

Tilbake

Publisert 30.09.2010, oppdatert 30.09.2010 14:23

Stikkord: Soneinndeling, Sommerovervåking

Geit på beite. Foto: M. Blom.Sjølv om nokon få buskap viser litt høgare verdiar av radioaktivt cesium i mjølk i år, ligg dei fleste buskapane som vert overvaka på same eller lågare nivå samanlikna med 2009.

Overvakingsprogrammet måler konsentrasjonar av radioaktivt cesium. Radioaktivt cesium finnast framleis i norsk utmark som eit resultat av Tsjernobyl-ulukka i 1986. Buskap frå Hedmark, Oppland, Buskerud, Sogn og Fjordane, Nord-Trøndelag og Nordland er målt. Overvakinga har som formål å indikere forventa nivå av radioaktivt cesium i dyr på utmarksbeite, slik at eventuelle tiltak kan setjast i verk dersom det er nødvendig å redusere nivået av radioaktivitet i dyr før slakting.

 

Radioaktivt cesium i mjølk
Med indikasjonar på at det nokre stadar er mykje sopp i fjellet, kunne ein for enkelte buskap forvente utslag av høgare nivå av radioaktivt cesium. Men det er framleis ikkje grunnlag for å tru at konsentrasjonane av radioaktivt cesium i mjølk i år kjem til å bli drastisk forskjellig frå 2009.

 

For ein buskap med kyr i Øystre Slidre i Oppland har målingane stort sett vist noko høgare verdiar i sommar enn i fjor, medan dei andre buskapane med kyr i Oppland er på same nivå som i 2009. Prøvene frå den eine geitebuskapen i Røyrvik og samleprøven av geitemjølk frå Røyrvik og Namsskogan i Nord-Trøndelag viser lågare nivå i år enn i 2009.

 

Resten av landet har verdiar på omtrent same lave nivå som i fjor.

 

Radioaktivt cesium i dyr
I samband med slaktesesongen om hausten gjennomfører Mattilsynet målingar av radioaktivt cesium i dyr, som også har beita i områder som vart ramma av Tsjernobyl-ulykka. På bakgrunn av disse resultata vert landet delt inn i frisoner og tiltakssoner. Frisoner er områder der det ikkje er nødvendig med restriksjonar eller tiltak før dyra vert sendt til slakting. Tiltakssoner er områder der det er nødvendig med tiltak som nedfôring (gi reint fôr) for å redusere konsentrasjonen av cesium-137 til under tiltaksverdien på 600 Bq/kg.

 

Til no ligg det føre måleresultat frå ca. 95 sauebuskap i Oppland og Nordland. Ein buskap frå Vestre Slidre er pålagt nedfôring i 8 veker og 14 buskap frå andre kommunar i Oppland er pålagt nedfôring frå 4-6 veker før dei kan sende dyra til slakting. I tillegg er det ca. 30 buskap frå Oppland og Nordland som må fôrast ned i alt frå 1-3 veker. I desse områda er det mykje sopp, som inneheld meir radioaktiv forureining enn gras og urter. Denne vert overført til sau som et sopp.