Statssekretær Sørensen på besøk hjå Strålevernet

Tilbake

Publisert 07.12.2010, oppdatert 15.01.2011 18:18

Statssekretæren i Miljøverndepartementet, Heidi Sørensen, besøkte Strålevernet måndag 6. desember. Sørensen fikk orientering om arbeidet Strålevernet gjer som direktorat for MD. Det vart spesielt lagt vekt på implementering av nytt regelverk for radioaktiv forureining og avfall, noko som fører til at radioaktive stoff og radioaktivt avfall no skal regulerast etter det same regelverket som anna forureining og avfall. Vidare vart utfordringar knytt til utslepp og avfall og internasjonale utfordringar skildra og diskutert.