25 år med Tsjernobyl – konsekvensar for miljø og matproduksjon

Tilbake

Publisert 31.03.2011, oppdatert 26.08.2013 13:57

Stikkord: Tsjernobyl-ulykka

Strålevernet markerer 25 års dagen for Tsjernobyl-ulykka med eit seminar for dei som har vore, er eller vil bli involvert i handteringa av forureininga etter ulykka. Ulykka ved kjernekraftanlegget i Fukushima i Japan vil også vere eit av fleire tema. Seminaret finn stad på Steinkjer, 11-12 april.


Tema for seminaret er:

  • Historikk: Tsjernobyl-ulykka og norsk handtering fram til no
  • Korleis er forureiningssituasjonen i Noreg i dag?
  • Kor lenge treng vi mottiltak i norsk matproduksjon?
  • Er det behov for endringar i handtering eller forvaltning? 
  • Kan Tsjernobyl skje igjen? Kva skjedde/skjer i Fukushima?

Førebels program.

Det er gledeleg mange påmelde, men framleis er det plassar att. Påmelding til Torun Jølle, Statens strålevern: torun.jolle@nrpa.no.

Seminaret er gratis, men deltakarane må sjølv betale for reise og overnatting, og bestille rom direkte hjå Quality Hotel Grand Steinkjer på tlf. 74 16 47 00 eller på e-post q.steinkjer@choice.no. Gi opp Statens strålevern som referanse. Pris for enkeltrom inkl. frukost er ca. 800-900 kr.

Sjå invitasjon (PDF-fil).