Europeisk fråsegn om radioaktive stoff i lyskjelder

Tilbake

Publisert 06.07.2011, oppdatert 06.07.2011 10:44

Heads of European Radiological protection Competent Authorities, HERCA, har kome med ei felles fråsegn om å fremje  felles europeisk regulering av bruk av små mengder radioaktive stoff i lyskjelder.

Ein del lyskjelder inneheld små mengder av dei radioaktive stoffa krypton, tritium og thorium. Mengdene er så små at dei ikkje utgjer noko helserisiko.


Det er vidare så små mengder radioaktivitet i kvar enkelt lampe at det ikkje er nødvendig med godkjenning til import og sal frå styresmaktene. Likevel kan unntaksgrensene bli overskride når mange lyskjelder er samtidig i bruk, lagra eller avhenda saman. Det er ein auka etterspurnad etter denne typar lyskjelder.  Sidan forbrukarartiklar skal kunne seljast på det opne marknaden i Europa, ser HERCA at det er behov for harmonisering av reguleringa av disse produkta.


Les pressemelding og fråsegna frå HERCA (på engelsk).