Arbeidet med å fjerne radioaktive strontiumbatteri i Østersjøen er avslutta

Tilbake

Publisert 30.09.2011, oppdatert 15.06.2015 09:26

Stikkord: Handlingsplanen for atomsaker, Atomhandlingsplanen

Sidan 2009 har Noreg finansiert fjerning av radioaktive strontiumbatteri frå fyrlykter i Østersjø-regionen. I midten av september vart det siste batteriet samla inn, og det er dermed ikkje fleire att av disse store radioaktive kjeldene i denne regionen. Fyrlyktsprosjektet har vore eit prioritert område i regjeringa sin atomhandlingsplan, og ein viktig milepæl er no nådd.

I 2009 inngikk Noreg og Russland ein avtale om å fjerne radioaktive strontiumbatteri (RTG) i fyrlykter i Østersjø-området. Avtalen omfatta fjerning av 71 radioaktive batteri og erstatte 56 av disse med solcellepanel. Både Finland og Sverige har inngått avtalar med Noreg om å vere med på å finansiere prosjektet. I tillegg til dei 71 batteria Noreg har finansiert, har Frankrike vore engasjert i fjerninga av 16 stykke. I 2012 vert dei attverande solcellepanela installert.

I det tidligare Sovjetunionen vart det utplassert om lag 1000 RTG-ar, dei fleste til bruk i fyrlykter og sjømerke. Mange av disse er no fjerna. Manglande fysisk sikring av kjeldene gjer dei lett tilgjengelege for uvedkomande. Ei rekke tjuveriforsøk i dei seinare åra har vist at radioaktive kjelder kan komme på avvegar. Ved å fjerne kjeldene og erstatte dei med solceller vert faren for forureining av miljøet og for at dei kan kome på avvegar, redusert.

I 1996 starta Noreg, i samråd med russiske styresmakter, prosjektet med fjerning av radioaktive strontiumbatteri i Nordvest-Russland. I perioden 1997 - 2000 installerte Noreg solcellestraum på fem lykter i Murmansk oblast, og innsamlinga av RTG-ane starta i 2001. I 2009 vart arbeidet avslutta og då hadde Noreg vore med på å fjerne 180 RTG-ar langs kysten av Barentshavet til Karaporten, inkludert vestsida av Novaja Zemlja. Fylkesmannen i Finnmark er norsk prosjektleiar i arbeidet med å fjerne strontiumbatteri i Nordvest-Russland og i Østersjøen og erstatte dei med miljøvennleg teknologi.
 

Fjerning av RTG i Østersjøen. Foto: Per Einar Fiskebeck, Fylkesmannen i Finnmark

Fjerning av RTG i Østersjøen. Foto: Per Einar Fiskebeck, Fylkesmannen i Finnmark

 

 

 

 














 

RTG
RTG er ei forkorting for Radioisotopisk Termoelektrisk Generator. Den aktive delen av generatoren består av det radioaktive stoffet strontium-90. Strontiumelementet fungerer som varmekjelde, og temperaturskilnaden til omgjevnadane vert utnytta til å skape straum i eit termoelektrisk element. RTG-ar har vore nytta til ei rekke høver der andre energikjelder ikkje har vore tilgjengelege.