Radon i vatn frå borebrønnar – ei kjelde til radon innandørs

Tilbake

Publisert 29.11.2011, oppdatert 29.11.2011 13:41

Stikkord: Radon

Det er ikkje berre frå bakken radon kan komme inn i hus, men også frå vatn frå borebrønnar. Vatnet i dusjen eller vaske- og oppvaskmaskina frigjer radon til lufta. I vatn frå borebrønnar i fast fjell er det funne høge radonkonsentrasjonar – med enkeltverdiar på over 10 000 Bq/l.


Radon i vann. Illustrasjon: Monica Egeli/Statens strålevern

Radon i vann. Illustrasjon: Monica Egeli/Statens strålevern

Radon i norske bustader skuldast vanlegvis radon som kjem frå bakken, men vatn frå borebrønnar kan også vere ei kjelde, særleg i områder med uranrik granitt. Ein reknar med at nærare 15 % av alle husstandar får vatn frå grunnvasskjelder, og andelen er aukande.
 

Radon i drikkevatn i Noreg

Dei høgste førekomstane av radon i vatn er funne i områder med uranrike granittar i Østfold og Vestfold, men det er også høge nivå i område der berggrunnen i hovudsak består av gneis, bl.a. i Hordaland. I overflatevatn er radonkonsentrasjonane lave.
 

Helserisiko

Ein vesentleg del av problemet med radon i vatn knyter seg til at radon vert gitt fri til lufta inne og dermed aukar risikoen for lungekreft. Risikoen vil avhenge av kor høg radonkonsentrasjonen er, vassforbruket, opphaldstid og utlufting. Vatn som du drikk, kan også gi stråledosar til kroppen, men disse er små jamfør med dosene du får ved innanding.
 

Mål radoninnhaldet i vatnet

Om du har målt radon innendørs og har nivå over tiltaksgrensa og får vatn frå borebrønn, kan vatnet vere ei av kjeldene til radon. Dette finn du ut ved å måle radoninnhaldet i vatnet. Radonmålingar i vatn kan du gjennomføre heile året, og utstyr til prøvetaking får du frå Statens strålevern. Ta kontakt med oss: radon@nrpa.no
 

Tiltak er effektivt

Radonkonsentrasjonen i drikkevatn kan reduserast effektivt med meir enn 90 %. Ein av dei mest effektive metodane for å redusere radoninnhaldet i større mengder vatn, er å gjennomlufte med luft som er mest mogleg fri for radon (vanleg rein uteluft). Les meir om tiltak mot radon i vatn.

 

Tiltaksnivå for radon i vatn

Radon i vatn i eit enkelthushald: 500 Bq/l
Radon i vatn frå vassverk eller offentleg vassforsyning
(vatn til minst 50 personar eller 20 husstandar): 100 Bq/l, jf. drikkevannsforskriften