Statens strålevern har inngått ein samarbeidsavtale med det franske atomtilsynet

Tilbake

Publisert 15.12.2011, oppdatert 26.08.2013 13:36

Stikkord: Internasjonalt samarbeid

8. desember inngikk Statens strålevern og det franske atomtilsynet, ASN (Atorité de sûreté nucléaire) ein avtale.  Avtalen stadfestar dei gode samarbeidsrelasjonane som allereie er etablert med franske myndigheiter på dette området, og vil gi eit grunnlag for konkrete samarbeidsprosjekt innan strålevern og atomtryggleik.

 

Formålet med avtalen er å styrke samarbeidet på myndigheitsnivå gjennom utveksling av informasjon om regelverk, forvalting, tilsyn og eventuelle hendingar. Vidare gir avtalen grunnlag for å gjennomføre konkrete samarbeidsprosjekt innan forsking og utvikling, arrangere konferansar, workshopar etc., i tillegg til utveksling og trening av personell.
Frankrike har betydeleg kompetanse innan strålevern, radioaktiv forureining og atomtryggleik som Noreg i stor grad kan dra nytte av framover.

 
Foto: ASN

Foto: ASN

 F.v. leiaren av det franske atomtilsynet André-Claude Lacoste og direktør Ole Harbitz etter signeringa av avtalen. Foto:
Olvido Guzmán, ASN