Brann om bord på den russiske isbrytaren Vaigach

Tilbake

Publisert 15.12.2011, oppdatert 26.08.2013 13:35

Stikkord: Atomberedskap, Atomisbryter

Det russiske atombyrået Rosatom melder på sine heimesider at det i natt braut ut brann om bord på isbrytaren Vaigach. I følgje Rosatom skjedde brannen i lugardelen av fartyet. Brannen er no sløkt og reaktoren operer som normalt.

To av mannskapet var drepne og ein vart skadd i samband med brannsløkkinga. Då brannen starta var isbrytaren i Yenisei-bukta, om lag 2000 km aust for Murmansk.

Vaigach er ein reaktordriven elveisbrytar av Taimyr-klassa som vart satt i drift i 1990.

States strålevern ser på saka som avslutta.