Radioaktiv forureining i husdyr på utmarksbeite

Tilbake

Publisert 18.07.2012, oppdatert 26.08.2013 12:46

Stikkord: Husdyr, Tsjernobyl-ulykka

Resultat av dei første målingane i sommar av radioaktiv forureining i ku- og geitemjølk ligg føre no. Resultata er så langt lave og under grenseverdiane på 370 bequerel/kg. Det er framleis for tidleg i sesongen til å kunne gi prognosar for nivåa seinare i år. Neste rapport, som kjem ut i august, vil kunne gi ein betre indikasjon på utviklinga av nivå av radioaktivitet i 2012.

 

Sopp gir auka nivå av radioaktivitet

Sidan sopp kan innehalde mykje radioaktivt cesium, vil år med mykje sopp vere av stor betyding for overføring av radioaktivt cesium til bl.a. husdyr på utmarksbeite. Soppsesongen tek for alvor  til i slutten av juli og i starten av august. Erfaringar frå tidlegare år har vist at mykje sopp vil raskt gi auka nivå av radioaktivt cesium i kjøt og mjølk hjå dyr på utmarksbeite. Vi har hatt ein fuktig sommar så langt i år, og det er derfor mogleg at 2012 blir eit godt soppår.

 

Formålet med overvakinga

Overvakingsprogrammet måler nivå av radioaktivt cesium, som framleis finst i norsk utmark som ei følgje av Tsjernobyl-ulykka i 1986, i besetningar frå Hedmark, Oppland, Buskerud, Sogn og Fjordane, Nord-Trøndelag og Nordland. Overvakinga har som mål å indikere forventa nivå av radioaktivt cesium i dyr på utmarksbeite slikt at eventuelle tiltak kan setjast i verk dersom det er naudsynt å redusere nivået av radioaktivitet før slakting.