Overvaking av radioaktiv forureining i husdyr på utmarksbeite

Tilbake

Publisert 03.09.2012, oppdatert 26.08.2013 11:29

Stikkord: Husdyr, Tsjernobyl-ulykka

Måling av radioaktivitet i dyr på beiteResultata av målingar av radioaktiv forureining fram til midten av august i ku- og geitemjølk frå utvalte besetningar, viser nivå i mjølk under grenseverdien på 370 Bq/l. Radioaktivitetsnivåa i ein saueflokk frå Vestre Slidre i Oppland viser medianverdiar på 150-200 Bq/kg for søyer og lam. Dette er godt under grenseverdien på 600 Bq/kg.


Formålet med overvakinga

Overvakingsprogrammet måler nivå av radioaktivt cesium, som framleis finst i norsk utmark som ein følgje av Tsjernobyl-ulykka i 1986, i besetningar frå Hedmark, Oppland, Buskerud, Sogn og Fjordane, Nord-Trøndelag og Nordland. Overvakinga har som mål å indikere forventa nivå av radioaktivt cesium i dyr på utmarksbeite slikt at eventuelle tiltak kan setjast i verk dersom det er naudsynt å redusere nivået av radioaktivitet før slakting.

Meir radioaktivitet av sopp

I områder med mykje radioaktivt nedfall frå ulykka i 1986, tek soppen opp radioaktivt cesium. Sidan dyr på utmarksbeite et sopp, vil gode soppår føre til meire radioaktivitet i dyr, og fare for å overstige grenseverdien på 600 Bq/kg. Neste og siste rapport i 2012, som kjem ut i september, vil kunne gje ein betre indikasjon på utviklinga av nivå av radioaktivitet i sau og kyr mot slutten av beitesesongen.

Last ned rapporten: Sommerovervåkningsrapport nr 2 - 2012