Lite radioaktivitet i dyr på beite

Tilbake

Publisert 04.10.2012, oppdatert 26.08.2013 11:25

Stikkord: Husdyr, Tsjernobyl-ulykka

I følgje målingar er det i år generelt lite radioaktivt cesium i kjøt og mjølk frå dyr på utmarksbeite. Radioaktivitetsnivåa har vore rekord låge fleire stader, og dette skuldast i all hovudsak at der har vore ikkje noko eller lite sopp i beiteområda.

I områder med mykje radioaktivt nedfall frå Tsjernobyl-ulukka i 1986 tek soppen opp radioaktivt cesium. Sidan dyr på utmarksbeite et sopp, vil gode soppår føre til meir radioaktivitet i dyr.


Nivå av radioaktivt cesium, som framleis finst i norsk utmark som ein følgje av Tsjernobyl-ulykka i 1986, vert overvaka i besetningar frå Hedmark, Oppland, Buskerud, Sogn og Fjordane, Nord-Trøndelag og Nordland. Overvakinga har som mål å indikere forventa nivå av radioaktivt cesium i dyr på utmarksbeite slikt at eventuelle tiltak kan setjast raskt i verk dersom det er naudsynt å redusere nivået av radioaktivitet før slakting.


Les sommarovervakingsrapport nr. 3: Radioaktiv forurensning i utmarksbeitende dyr 2012