Norsk leiar i internasjonalt kontaktforum

Tilbake

Publisert 01.11.2012, oppdatert 18.11.2013 11:08

Stikkord: Handlingsplanen for atomsaker, Atomhandlingsplanen

Seksjonssjef Ingar Amundsen er valt til leiar for det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) sitt kontaktforum for medlemslanda som er engasjert i arbeidet for auka atomtryggleik og handtering av historisk brukt kjernebrensel og radioaktivt avfall i Russland.


Ingar Amundsen

Ingar Amundsen

Kontaktforumet under IAEA, kalla Contact Expert Group (CEG), er den viktigaste møteplassen for koordinering, erfaringsutveksling og utvikling for partar som er involvert i atomtryggleikssamarbeidet med Russland.

 

Gruppa blei oppretta i 1996.  Dei siste åra har det vore eit spesielt fokus på opphogging av utrangerte russiske atomubåtar, handtering og sikring av brukt kjernebrensel og radioaktivt avfall ved nedlagte marinebaser og fjerning av radioaktive kjelder.

 

Les meir om CEG på IAEA sine nettsider.


 

 

Medlemsland og – organisasjonar i CEG
Belgia               
Finland
Frankrike
Tyskland
Italia
Japan
Nederland

Noreg
Russland
Sverige
USA
Europakommisjonen
Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA)
International Science and Technology Center (ISTC)