Atomisbrytar skal segle langs Norskekysten

Tilbake

Publisert 03.01.2013, oppdatert 26.08.2013 11:19

Stikkord: Atomisbryter, Atomberedskap

Russiske myndigheiter har orientert om at den russiske atomisbrytaren Rossija skal segle langs Norskekysten i løpet av januar. Isbrytaren startar frå Murmansk og skal segle til St. Petersburg for å halde Finskebukta fri for is.

 

Isbrytaren vil returnere til Murmansk i mai 2013.

 

Rossija er av klassen Arktika og har to reaktorar på til saman 342 MW termisk effekt (55 MW elektrisk effekt), og eit mannskap på 108.