Evaluering av prosjekt i atomhandlingsplanen – fjerning av radioaktive kjelder i fyrlykter

Tilbake

Publisert 31.01.2013, oppdatert 23.01.2014 12:19

Stikkord: Handlingsplanen for atomsaker, Atomhandlingsplanen

I perioden 2001 – 2009 finansierte Noreg fjerninga av 180 radioaktive kjelder som har vore brukt som straumkjelder i fyrlykter i Nordvest-Russland. Dette arbeidet har vore gjennom ei uavhengig evaluering som syner at prosjektet har vore vellukka med tanke på å beskytte menneske og miljø mot disse kjeldene og hindre at dei kjem på avvegar. Vidare vert det konkludert med at prosjektet er gjennomført i samsvar med plan og budsjett.

Evalueringa av prosjektet hadde to formål: å vurdere nytten som fjerninga av dei radioaktive kjeldene har for miljøet, og å vurdere gjennomføringa av prosjektet. Det praktiske arbeidet med å fjerne kjeldene og å handtere dei, vart planlagt og gjennomført av russiske aktørar. Bruken av dei norske midlane, og utbetalingar i samsvar med milepælar, vart følgt opp av norsk prosjektleiar som var Fylkesmannen i Finnmark.

Etter ei anbodsrunde vart Det norske veritas (DNV) vald til å gjere ei uavhengig vurdering av prosjektet. 

Konklusjonen på evalueringa

DNV summerer opp at prosjektet har vore vellukka med tanke på å beskytte menneske og miljø og er gjennomført i samsvar med plan og budsjett. Vidare seier dei at norsk finansiering har vore med på å fjerne 180 høgradioaktive kjelder i Nordvest-Russland, utan at det har skjedd noko ulukke eller ukontrollert eksponering frå dei radioaktive kjeldene. Dei radioaktive kjeldene er tatt ut av straumkjeldene og transportert til Majak-anlegget i Syd-Ural for å bli handtert og avfallsbehandla. Evalueringa konkluderer med at det er oppnådd forbetringar i atomtryggleik, fysisk sikring og miljøvern.

Heile evalueringa kan du lese her: Evalueringsrapporten  (PDF).

Undersøkingar av norsk og russisk riksrevisjon

Evaluering av større avslutta prosjekt i atomhandlingsplanen er ein konsekvens av Riksrevisjonen sin gjennomgang, då dei saman med den russiske riksrevisjonen gjennomførte ein parallellrevisjon i 2009 – 2010. Ein av hovudkonklusjonane var at prosjekta i atomhandlingsplanen har vore med på å redusere risikoen for ulykker, radioaktiv forureining og for at radioaktive kjelder kan kome på avvegar. Rapporten peikar også på at det er viktig å gjennomføre ei evaluering av prosjekta når dei er avslutta. Riksrevisjonen har dessutan gjennomgått to spesifikke prosjekt i meir detalj. 

 

Prosjektet med å fjerne dei radioaktive kjeldene i fyrlykter, vart finansiert gjennom Utanriksdepartementet sin atomhandlingsplan. Atomhandlingsplanen som har som mål å vere med på å redusera risikoen for radioaktiv forureining frå kjelder i Nordvest-Russland.