Strålevernet er medarrangør av radonkonferanse i Paris

Tilbake

Publisert 21.02.2013, oppdatert 21.02.2013 09:16

Stikkord: Radon

Strålevernet arrangerer 11. og 12. april radonkonferansen «Radon & Society – from knowledge to action» i Paris saman med Institute for Radiological Protection and Nuclear Safety (IRSN, Frankrike).

Formålet med konferansen er å samle forskjellige styresmakter og ekspertar for å dele kunnskap, og diskutere korleis denne kunnskapen best kan brukast for å sette i verk mest mogleg effektive tiltak mot radon.

 

Det vil bli heldt innlegg av World Health Organization (WHO) og av styresmakter og ekspertar frå Canada, Frankrike, Finland, Irland, Storbritannia, Tyskland, Sveits og Norge.

 

Konferansen er no open for påmelding, og fristen er 22. mars.

 

Meir informasjon, program og påmelding finn du på nettsida til konferansen.