Overvaking av radioaktivitet i omgivnadene 2011

Tilbake

Publisert 11.03.2013, oppdatert 13.03.2013 07:51

Stikkord: Radioaktivitet i luft, Fukushima-ulykken

StrålevernRapporten «Overvaking av radioaktivitet i omgivnadene 2011» inneheld beskriving og resultat frå Strålevernet sine Radnett- og luftfilterstasjonar og frå Sivilforsvaret si radiacmåleteneste i 2011. Rapporten inneheld også måledata frå Fukushima-ulykka som vart påvist i Noreg i ni dagar etter ulykka.

Statens strålevern har ansvaret for eit landsdekkande varslingsnettverk av 33 stasjonar som kontinuerlig målar radioaktiviteten i omgivnadane. Formålet er å gi eit tidleg varsel i tilfelle eit ukjent radioaktivt utslepp rammar Noreg.

 

Statens strålevern har i dag fem luftfilterstasjonar. Tre er plasserte i nord og to i sør. Stasjonane er viktige for kartlegging av radioaktivitet i luft og for å vurdere storleik på og samansetnad av utslepp ved uhell og ulykker. Tilsvarande stasjonar finst i heile Europa, og samarbeid mellom landa gjer det mogleg å spore eventuelle utslepp av radioaktive stoff.

 

Sivilforsvaret si målepatruljeteneste, radiactenesten, er ein viktig del av norsk atomberedskap bl.a. for å sikre gode referansemålingar (bakgrunnsmålingar) av radioaktivitet i omgjevnadane. Patruljane er ein del av den nasjonale måleberedskapen og utfører regelmessige bakgrunnsmålingar på rundt 350 faste målepunkt.

 

Rapporten kan du laste ned her: Overvaking av radioaktivitet i omgjevnadane 2011 (pdf)