Evaluerer strålevern i Bulgaria

Tilbake

Publisert 11.04.2013, oppdatert 26.08.2013 11:05

Stikkord: Radiologi, Røntgen

I to veker skal seksjonssjef Eva Friberg vere ein del av eit IAEA-ekspertteam som skal evaluere strålevern og atomtryggleik i Bulgaria. Friberg skal sjå spesielt på medisinsk strålebruk.


Teamet Friberg er ein del av skal gjennomføre ein såkalla Integrated Regulatory Review Service (IRRS), der formålet er å styrke og forbetre det nasjonale regelverket innan kjernekraft, stråling, radioaktivt avfall og transport.

Teamet går gjennom nasjonale lover, forskrifter og rettleiarar, gjennomfører intervju, og kan delta som observatørar på tilsyn, for deretter å samanlikne regelverk innan strålevern og atomtryggleik i Bulgaria mot internasjonale standardar og retningsliner og eventuell god praksis andre stadar. På bakgrunn av dette vil dei lage ein omfattande rapport med avvik, anbefalingar og god praksis på kvar av dei ulike områda som har blitt gjennomgått.

Teamet består av fleire deltakarar frå ulike land.

Eva_portrett

Eva_portrett

Seksjonssjef Eva Friberg