Besøk av franske styresmakter

Tilbake

Publisert 28.05.2013, oppdatert 26.08.2013 10:56

Stikkord: Internasjonalt samarbeid

Strålevernet får besøk av sine franske strålevernskollegaer frå ASN (Autoritè de sûretè nuclèaire) 29. mai 2013.

 

Tema for møtet er blant anna utarbeiding av ei varslings- og informasjonsutvekslingsavtale mellom ASN og Strålevernet, samarbeid om problemstillingar knytt til forvaltning av radon, diskusjon og erfaringsutveksling om dekommisjonering av reaktorar. Det blir også ein gjennomgang av internasjonale samarbeidsprosjekt knytt til atomtryggleik.

Besøket er ei oppfølging av samarbeidsavtalen som vart inngått i 2011, og Strålevernet sitt besøk hjå ASN i fjor haust.