Overvaking av radioaktivitet i dyr på beite

Tilbake

Publisert 18.07.2013, oppdatert 19.07.2013 09:00

Stikkord: Husdyr, Radioaktivitet i miljøet

Geit. Foto: Runhild GjelsvikResultata av målingar av radioaktiv forureining i ku- og geitemjølk frå utvalte besetningar, viser hittil nivå under grenseverdien på 370 Bq/l, men det er for få målingar til å kome med ein klar tendens i utviklinga av nivået av radioaktivt cesium i 2013.


Målingane viser at enkelte besetningar har litt høgare verdiar enn i 2012, men er på nivå med åra rett før.

 

Overvakinga måler nivå av radioaktivt cesium, som framleis finst i norsk utmark som ein følgje av Tsjernobyl-ulykka i 1986, i besetningar frå Hedmark, Oppland, Buskerud, Sogn og Fjordane, Nord-Trøndelag og Nordland. Overvakinga har som mål å indikere forventa nivå av radioaktivt cesium i dyr på utmarksbeite slikt at eventuelle tiltak kan setjast i verk dersom det er naudsynt å redusere nivået av radioaktivitet før slakting.

 

Sidan sopp kan innehalde mykje radioaktivt cesium, og sidan dyr på utmarksbeite et sopp, vil gode soppår føre til meir radioaktivitet i dyr. Det er derfor viktig å følgje utviklinga nøye i dei komande vekene. Neste overvakingsrapport kjem i august.

 

Les Sommerovervåkningsrapport nr. 1, 15. juli 2013: Radioaktiv forurensning i utmarksbeitende dyr 2013: Overvåkningsmålinger – prognoser for slaktesesongen