Geografiske forskjellar fører til ulik reduksjon av radioaktivt cesium i overflatejord

Tilbake

Publisert 02.09.2013, oppdatert 03.09.2013 09:45

Stikkord: Radioaktivitet i miljøet

I perioden 1986-2005 har reduksjonen av cesium-137 i overflatejord i Norge etter Tsjernobyl-ulykka vore større i kystområder enn i områder påverka av sur nedbør og innlandsområder.


Dette skuldast i all hovudsak høgare nedfall av marine kationar (positivt ladde ion) av magnesium (Mg2+) og natrium (Na+) i kystområda som erstattar cesium-ion i jordpartiklar. Samanlikna med innlandsområder er kationutbyttinga sterkare i sørlege kystområder sidan nedfall av ammonium (NH4+) frå sur nedbør er tilstade i tillegg til marine kationar. Dette gir høgare overføring av radioaktivt cesium frå jord i kystområda.

 

Dette viser ein ny artikkelen som er publisert i Journal of environmental radioactivity i eit samarbeid mellom Statens strålevern og NTNU. Forskingsarbeidet er eit resultat frå Program for overvaking av radioaktiv forureining i norske landområde og ferskvassystemer som Strålevernet koordinerer. Resultata er av stor betyding når ein skal vurdere sårbare områder og estimere dei langsiktige konsekvensane for utmarksbeitande dyr i Noreg.

 

Heile artikkelen kan du lese her: http://www.sciencedirect.com/science/article/pii/S0265931X13001598