Lite radioaktivitet i dyr på utmarksbeite

Tilbake

Publisert 06.09.2013, oppdatert 06.09.2013 13:53

Stikkord: Radioaktivitet i miljøet

Radioaktivitetsmålingar på utmarksbeitande dyr, har så langt i år vist resultat som tyder på at det blir lite nedfôring av sau før årets slaktesesong.

For dei fleste besetningane som inngår i overvakingsprogrammet ligg nivåa av radioaktivt cesium i mjølk framleis på same nivå som i fjor. Prøver av mjølk blir nytta som mål på radioaktiv forureining i kjøt. Sesongen 2012 var eit år med svært låge verdiar, og mykje tyder på at sesongen 2013 blir eit nytt år med lite radioaktivitet i mjølk og kjøt frå utmarksbeitande dyr. Alle målingar gir resultat godt under grenseverdiane.

 

Om overvakingsprosjektet

Overvakinga måler nivå av radioaktivt cesium, som framleis finst i norsk utmark som ein følgje av Tsjernobyl-ulykka i 1986, i besetningar frå Hedmark, Oppland, Buskerud, Sogn og Fjordane, Nord-Trøndelag og Nordland. Overvakinga har som mål å indikere forventa nivå av radioaktivt cesium i dyr på utmarksbeite slikt at tiltak kan setjast i verk dersom det er naudsynt å redusere nivået av radioaktivitet før slakting.