Atomtryggleikstoppmøte i Haag

Tilbake

Publisert 24.03.2014, oppdatert 25.03.2014 12:41

Stikkord: Atomsikkerhet, Atomhandlingsplanen

Direktør Ole Harbitz i Statens strålevern deltek desse dagar i den norske delegasjonen til atomtryggleikstoppmøtet i Haag som vert leia av statsminister Erna Solberg.

 

Direktør Ole Harbitz (t.v) samam med statsskretær Laila Bokhari ved Statsministeren sitt kontor og fagdirektør Johnny Almestad i UD under atomtryggleiksmøtet.

Direktør Ole Harbitz (t.v) samam med statsskretær Laila Bokhari ved Statsministeren sitt kontor og fagdirektør Johnny Almestad i UD under atomtryggleiksmøtet.

Statsleiarar frå 53 land er denne veka samla i Haag i Nederland for å diskutere korleis ein kan betre tryggleiken til nukleært og radioaktivt materiale slik at det ikkje kan nyttast til terrorformål.

Toppmøtet er det tredje i rekka, etter tidlegare møte i Washington i 2010 og Seoul 2012.
Toppmøtet har tre hovudmål: å redusere mengdene med farlege nukleære materiale i verda, å betre tryggleiken til alt nukleært og radioaktivt materiale, og å betre internasjonalt samarbeid om nukleært materiale.

 

Direktør Ole Harbitz (midten) deltek på atomtryggleikstoppmøtet i Haag denne veka saman med mellom anna fagdirektør Johnny Almestad i UD (t.v.) og seksjonssjef Ingar Amundsen i Strålevernet.

Direktør Ole Harbitz (midten) deltek på atomtryggleikstoppmøtet i Haag denne veka saman med mellom anna fagdirektør Johnny Almestad i UD (t.v.) og seksjonssjef Ingar Amundsen i Strålevernet.

Mellom Noregs bidrag til å betre tryggleiken til nukleært og radioaktivt materiale kan ein trekkje fram eit mangeårig engasjement i Nord-Vest Russland for å sikre materiale frå den kalde krigen og nylege vedtak om å fase ut store radioaktive kjelder brukt i blodbestrålingsanlegg og i staden bruke annan teknologi. Statens strålevern deltek aktivt i toppmøteprosessen, både som fagdirektorat for Utanriksdepartementet, som forvaltar av tilskot knytt til gjennomføringa av Regjeringas handlingsplan for atomverksemd og miljø i nordområda og som tilsynsmyndighet i Noreg for atom- og stråletryggleik.