Avtale om tidlig varsling med det franske atomtilsynet

Tilbake

Publisert 03.07.2014, oppdatert 03.07.2014 09:27

Stikkord: Atomberedskap

Strålevernet og det franske atomtilsynet ASN (Atorité de sûreté nucléaire) har inngått ein avtale om tidlig varsling og informasjonsutveksling ved atomhendingar eller -ulukker.

Avtalen vart signert av Ole Harbitz, direktør Strålevernet, og Jean-Christophe Niel, direktør ASN, 2 juli 2014. Avtalen er ei vidareføring av det allereie gode samarbeidet mellom dei to etatane.

Strålevernet og ASN underskreiv i 2011 ein samarbeidsavtale. Formålet med den avtalen var å styrke samarbeidet på myndigheitsnivå gjennom utveksling av informasjon om regelverk, forvalting, tilsyn og eventuelle hendingar.

Les meir på ASN sine nettsider.

Ole Harbitz, direktør Strålevernet, og Jean-Christophe Niel, direktør ASN, signerer avtalen. Foto: ASN.

Ole Harbitz, direktør Strålevernet, og Jean-Christophe Niel, direktør ASN, signerer avtalen. Foto: ASN.