Oppfølging av riksrevisjonsundersøking

Tilbake

Publisert 15.01.2015

Stikkord: Atomhandlingsplanen

Riksrevisjonen har gjennomført ei oppfølging av to tidligare undersøkingar av norsk innsats for atomsikkerheit og vern av miljø for radioaktiv forureining i Nordvest-Russland.

Riksrevisjonen følgjer normalt opp forvaltningsrevisjonar tre år etter at sakene er behandla.

I 2009-2010 gjennomførte Riksrevisjonen saman med den russiske Riksrevisjonen ein parallellrevisjon av arbeidet norske og russiske styresmakter har gjort for å verne befolkning og miljø mot stråling og radioaktiv forureining. Frå norsk side vert dette arbeidet gjort gjennom atomhandlingsplanen.

Ein av hovudkonklusjonane frå gjennomgangen den gong var at prosjekta i atomhandlingplanen har vore med på å redusere risikoen for ulykker, radioaktiv forureining og for at radioaktive kjelder kan kome på avvegar. Riksrevisjonen gjennomgikk to spesifikke prosjekt i meir detalj i 2011-2012.

Oppfølginga til Riksrevisjonen «viser at tryggingsprosjekta ved Kola kjernekraftverk skal ha medverka til å gjere det mindre sannsynleg at ulykker og hendingar som avvik frå normaldrift, skal skje». Riksrevisjonen trekk fram at «norske og russiske styresmakter har auka innsatsen for å overvake avfall som utgjer ein risiko for radioaktiv forureining til havmiljøet». Avslutningsvis seier Riksrevisjonen at viktige utfordringar står att og «det er framleis behov for eit tett samarbeid mellom norske og russiske styresmakter om strålingstryggleik og vern av miljøet i Nordvest-Russland.»

Les heile rapporten:
«Oppfølging av Riksrevisjonens undersøkelse om strålingssikkerhet og beskyttelse av miljøet mot forurensing fra radioaktive kilder i Nordvest-Russland – Dokument 3:9 (2009–2010) og Dokument 3:5 (2011–2012)» (side 16-23)