Norsk-britisk samarbeid om nedrusting av kjernevåpen i FN.

Tilbake

Publisert 06.05.2015, oppdatert 06.05.2015 13:22

Stikkord: Internasjonalt samarbeid

27. april til 22. mai 2015 vert det halde tilsynskonferanse for ikkjespreiingsavtala i FN. Slike tilsynskonferansar vert halde kvart femte år.

I år presenterer Strålevernet, saman med Forsvarets forskingsinstitutt, Institutt for energiteknikk og NORSAR, to sidearrangement ved tilsynsmøtet om det norsk-britiske samarbeidet innan verifikasjon av kjernevåpennedrusting. Presentasjonane av arbeidet vert gjort saman med vår britiske samarbeidspartner Atomic Weapons Establishment.

Det norsk-britiske samarbeidet innan verifikasjon av kjernevåpennedrusting, the UK-Norway Initiative, har i fleire år arbeidd med å utvikle utstyr som kan måle om eit deklarert kjernevåpen inneheld plutonium eller ikkje, utan å avsløre designdetaljar om kjernevåpen som vil bryte ikkjespreiingsavtalas forbod om spreiing av slik informasjon. 4. mai var temaet for presentasjonen dei lærdomane arbeidet har gitt oss om tillit til tekniske løysingar som kan verifisere at kjernevåpen vert demontert.

7. mai blir det ein ny presentasjon om vårt samarbeid med King’s College London med tema om korleis inspektørar kan byggje tillit ved inspeksjonar på særs sensitive kjernevåpenanlegg med lite tilgang på informasjon.

Panelet under sidearrangementet 4. Mai vart introdusert av avdelingsdirektør Sten Arne Rosnes, Utanriksdepartementet. Frå venstre: Steinar Høibråten (Forsvarets forskingsinstitutt), Aled Richings (Atomic Weapons Establishment), Sten Arne Rosnes (Utanriksdepartementet), Styrkaar Hustveit (Strålevernet), Keir Allen (Atomic Weapons Establishment). Foto: Svein Mykkeltveit, NORSAR