Fjerning av radioaktive batteri frå russiske fyrlykter

Tilbake

Publisert 16.06.2015, oppdatert 16.06.2015 08:55

Stikkord: Atomhandlingsplanen, Handlingsplanen for atomsaker

Eit langt norsk-russisk samarbeid om å fjerne radioaktive batteri frå russiske fyrlykter er avslutta. Ein sluttrapport frå arbeidet i Østersjøen er nyleg publisert.

Noreg har finansiert fjerninga av 251 radioaktive kjelder brukt for å skape straum i fyrlykter langs kysten av Nordvest-Russland og i Østersjø-området. Dei radioaktive kjeldene er erstatta med solcellepanel.

I 1996 starta Noreg, i samråd med russiske styresmakter, prosjektet med å fjerne radioaktive strontiumbatteri i Nordvest-Russland. I 2009 vart arbeidet avslutta og då hadde Noreg vore med på å fjerne 180 radioaktive batteri langs kysten av Barentshavet til Karaporten, inkludert vestsida av Novaja Semlja.

I 2009 held arbeidet fram i den russiske delen av Østersjøen. 71 radioaktive strontiumbatteri vart fjerna. Både Sverige og Finland var med på å finansiere det norske prosjektet. Arbeidet med å fjerne batteria vart avslutta i 2012. Heile prosjektet vart avslutta i 2014, då det siste solcellepanelet kom på plass.

Fylkesmannen i Finnmark har vore norsk prosjektleiar i arbeidet med å fjerne strontiumbatteria og erstatte dei med solcellepanel, i både Nordvest-Russland og i Østersjøen.

Fylkesmannen i Finnmark har i samarbeid med motparten sin, Fylkesadministrasjonen i Murmansk no ferdigstilt ein rapport for arbeidet i Østersjøregionen.

Se film om fyrlyktprosjektet:

Bakgrunn

I det tidligare Sovjetunionen vart det utplassert om lag 1000 radioaktive strontiumbatteri, så kalla RTG-ar, dei fleste til bruk i fyrlykter og sjømerke. Mange er no fjerna. Manglande fysisk sikring av kjeldene gjorde dei lett tilgjengelege for uvedkomande, og det var ei rekke tjuveriforsøk. Ved å fjerne kjeldene og erstatte dei med solcellepanel har faren for forureining av miljøet og for at dei kan kome på avvegar, vorte redusert.

RTG er ei forkorting for Radioisotopisk Termoelektrisk Generator. Den radioaktive kjelda som ofte har blitt brukt er strontium-90. Det internasjonale atomenergibyrået IAEA har klassifisert kjeldene blant dei mest farlige radioaktive kjeldene som finnast, pga. høgt aktivitetsnivå.