Luftovervakingsrapporten for 2014 er no klar

Tilbake

Publisert 15.09.2015

Stikkord: Radioaktivitet i luft, Radnett

Den årlege luftovervakningsrapporten er no klar og kan lastas ned frå våre nettsider.

Rapporten inneheld beskriving og resultat frå Strålevernet sine RADNETT- og luftfilterstasjoner og frå Sivilforsvaret si radiacmåletjeneste i 2014. Under finn du ei kort oppsummering av dei forskjellige systemene.

Automatisk målenettverk – Radnett

Statens strålevern har ansvaret for eit landsdekkjande varslingsnettverk av 33 stasjonar som kontinuerleg måler radioaktivitet i omgivnadene. Nettverket blei etablert i åra etter Tsjernobyl-ulykka i 1986 og blei oppgradert og modernisert i perioden 2006–2010. I 2014 var 33 stasjonar operative.

Luftfilterstasjonar

Statens strålevern har fem luftfilterstasjonar. Tre er plasserte i nord og to i sør. Stasjonane er viktige for kartlegging av radioaktivitet i luft og for å vurdere storleik på og samansetnad av utslepp ved uhell og ulykker. Tilsvarande stasjonar finst i heile Europa, og samarbeid mellom landa gjer det mogleg å spore eventuelle utslepp av radioaktive stoff.

Sivilforsvaret sine målelag

Sivilforsvaret har 127 målelag spreidd over heile landet. Laga gjennomfører målingar 3–4 gonger i året på faste målepunkt for å kartleggje bakgrunnsstrålinga i Noreg og for å halde ved lag beredskapen. Måledata frå rundt 350 målepunkt blir rapportert inn til Strålevernet.

Lenke til StrålevernRapport 2015:10 Overvaking av radioaktivitet i omgivnadene 2014