Lite radioaktivitet i sauekjøt

Tilbake

Publisert 08.10.2015, oppdatert 08.10.2015 12:23

Stikkord: Husdyr, Radioaktivitet i miljøet

I år har det vore lave verdiar av radioaktivitet i dyr på utmarksbeite. Grunnen er lite sopp på fjellbeite i store delar av landet.

I områder med radioaktiv forureining inneheld sopp meir radioaktivitet enn gras og urter, og mykje sopp i beiteområda kan derfor gi ei auking i radioaktivitet i kjøtt og mjølk.

Strålevernet overvakar nivåa av radioaktivt cesium i dyr på utmarksbeite gjennom sommaren før slakting om hausten. Dette skjer som følgje av det radioaktive nedfallet etter Tsjernobyl-ulukka. Særlig delar av Buskerud, Oppland, Trøndelag og sørlige delar av Nordland fikk mykje radioaktivt nedfall etter ulukka. Nedfallet inneheldt ulike radioaktive stoff, og sidan nedbrytinga av cesium-137 går svært seint, finn vi det framleis i naturen – 29 år etter ulukka.

Sommerovervåkningsrapport nr. 3 2015: Radioaktiv forurensning i utmarksbeitende dyr 2015 - Overvåkningsmålinger – prognoser for slaktesesongen