Lave nivå av radioaktivitet i dyr

Tilbake

Publisert 22.07.2016, oppdatert 22.07.2016 14:54

Stikkord: Husdyr, Radioaktivitet i miljøet

Hittil i sommar er det svært lave nivå av det radioaktive stoffet cesium-137 i dyr på utmarksbeite.

Strålevernet overvakar gjennom sommaren nivåa av radioaktivt cesium i dyr på utmarksbeite for å varsle Mattilsynet om forventa nivå i dyra før slakting om hausten. Dette skjer som følge av det radioaktive nedfallet etter Tsjernobyl-ulykka for 30 år sidan.
Hedmark, Buskerud, Sogn og Fjordane Oppland, Trøndelag og sørlege delar av Nordland fikk radioaktivt nedfall. Mjølk frå buskap i desse fylka blir overvaka gjennom sommaren. Resultata så langt viser svært lave nivå godt under grenseverdien for mjølk på 370 Bq/kg.

Soppsesongen er i gang og mykje sopp i beiteområda kan raskt føre til auka nivå i kjøtt og mjølk. Dette skuldast at soppen inneheld 10-1000 gonger meir cesium-137 enn grøne vekstar. Strålevernet følger utvikling nøye framover.

Heile overvakingsrapporten kan du lese her.

Foto: Runhild Gjelsvik

Foto: Runhild Gjelsvik