Luftovervåkingsrapport 2015 er no klar

Tilbake

Publisert 03.11.2016, oppdatert 03.11.2016 14:52

Stikkord: Radioaktivitet i luft, Radnett

Luftovervåkingsrapport med data fra året 2015 er no klar.

Ein av fleire titalls radnett-stasjonar som er plassert rundt i hele Noreg.

Ein av fleire titalls radnett-stasjonar som er plassert rundt i hele Noreg.

Automatisk målenettverk – Radnett

Statens strålevern har ansvaret for eit landsdekkjande varslingsnettverk av 33 stasjonar som kontinuerleg måler radioaktivitet i omgivnadene. Nettverket blei etablert i åra etter Tsjernobyl-ulykka i 1986 og blei oppgradert og modernisert i perioden 2006–2010. I 2015 var 33 stasjonar operative.

Luftfilterstasjonar

Statens strålevern har fem luftfilterstasjonar. Tre er plasserte i nord og to i sør. Stasjonane er viktige for kartlegging av radioaktivitet i luft og for å vurdere storleik på og samansetnad av utslepp ved uhell og ulykker. Tilsvarande stasjonar finst i heile Europa, og samarbeid mellom landa gjer det mogleg å spore eventuelle utslepp av radioaktive stoff.

Nedbør

Statens strålevern har i dag to nedbørsamlarar. Den eine er plassert på taket på hovudkontoret på Østerås og den andre på Svanhovd.

Sivilforsvaret sine målelag

Sivilforsvaret har 124 målelag spreidd over heile landet. Laga gjennomfører målingar 3–4 gonger i året på faste målepunkt for å kartleggje bakgrunnsstrålinga i Noreg og for å halde ved lag beredskapen. Måledata frå rundt 350 målepunkt blir rapportert inn til Strålevernet. Resultat frå desse faste målingane blir presenterte i rapporten.

Luftovervåkningsrapport 2015 (lenke)