Anbefalingar for betre respons og oppfølging etter atomulykker

Tilbake

Publisert 24.07.2017, oppdatert 24.07.2017 13:41

Stikkord: Atomberedskap

Saman med forskarar frå 11 andre land har Strålevernet delteke i eit prosjekt som har kome med anbefalingar om betre helseomsyn i handteringa av atomulykker.

Basert på erfaringar frå tidlegare ulykker, hovudsakleg Tsjernobyl- og Fukushima-ulykka, har forskarane kome fram til 28 anbefalingar om korleis ein kan forbetre beredskapen både før, under og etter ei ulykke, slik at ein reduserer dei medisinske og helsemessige konsekvensane av ulykkene.

Ein viktig lærdom i prosjektet var at verknadane av ei atomulukke går langt utover direkte strålingseffektar, og inkluderer psykologiske, sosiale og økonomiske konsekvensar. Ein annan lærdom som er gjort er at nokre avgjerder som skulle trygge befolkninga faktisk førte til større skade. Til dømes er det ikkje rapportert dødsfall i Fukushima som skuldast stråling, men evakueringa førte til meir enn 600 for tidlege dødsfall, særleg blant eldre og kritisk sjuke pasientar som vart evakuert under utilstrekkelige forhold.

Forskarane frå Strålevernet var med på å utvikle anbefalingar om evakuering, øving og kommunikasjon og om helseovervaking. Eit viktig bidrag til dette arbeidet var ein gjennomgang av dei sørsamiske reindriftsutøvarane sine erfaringar og behov som følgje av Tsjernobyl-ulykka. I tillegg har vi gjennomgått erfaringane frå den individuelle dosevurderinga og medisinsk oppfølginga av dei så kalla Tsjernobyl-likvidatorane og arbeidstakarane som deltok i oppryddinga etter Tsjernobyl-ulykka.

 

Her kan du lese meir om prosjektet: Researchers Researchers from 11 Countries Agree on New Recommendations to Deal with Possible Nuclear Accidentss