Måleutstyr for radioaktivitet på slepefartøy

Tilbake

Publisert 22.02.2018, oppdatert 12.04.2018 13:32

Stikkord: Atomberedskap

Denne veka fekk ein av Kystverket sine slepefartøy utstyr for måling av radioaktivitet og utstyr for å ta prøver. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Kystverket og Strålevernet for å betre måleberedskapen til sjøs.

Dersom det er ei hending der til dømes eit reaktordrive fartøy eller eit fartøy med radioaktiv last får behov før naudslep eller anna assistanse frå den nasjonale slepeberedskapen, vil det vere behov for eige måleutstyr om bord som kan påvise radioaktivitet for å beskytte helsa til mannskapet mot stråling. Det kan også vere behov for prøver av sjøvatn som Strålevernet skal analysere for eventuell radioaktivitet. Slepefartøya kan vere ein ressurs med kapasitet til å ta slike prøver.

Skipet FAR SABRE fra Solstad Farstad rederi er ein av to nasjonale slepefartøy som opererer i Nordområdene, og vart det første som fekk utstyr på plass etter at mannskapet hadde fått opplæring.

Informasjon om den statlege slepebåtberedskapen.

Mannskapet på FAR SABRE har fått opplæring til bruk av utstyret som er plassert om bord. Fra venstre Sjøtrafikksentralsjef Ståle Sveinungsen (Kystverket), Førstestyrmann Pontus Arvenberg, Øyvind Aas-Hansen og Bredo Møller (begge frå Strålevernet). Foto: Strålevernet.

Far Sabre. Foto: Solstad Farstad.

Far Sabre. Foto: Solstad Farstad.