Presentasjon av arbeid med kontroll med nedrustning av atomvåpen i FN

Tilbake

Publisert 26.04.2018, oppdatert 26.04.2018 12:48

Stikkord: Internasjonalt samarbeid

Statens strålevern er denne veka med på å arrangere eit orienteringsmøte i FN i Geneve om ei større internasjonal nedrustingsøving som vart gjennomførd hausten 2017 i samarbeid med kollegaer frå USA, Storbritannia og Sverige.

Under øvinga vart inspeksjonsprosedyrer og teknologiar som kan kontrollere at eit atomvåpen blir destruert utforska. Frå Noreg deltok Statens strålevern, Forsvarets forskningsinstitutt, Institutt for Energiteknikk og NORSAR.

Ikkjespreiingsavtala har tilsynsmøte kvart femte år, denne veka vert førebuande møte for tilsynsmøtet i 2020 halde i FN i Geneve.

Meir informasjon om arbeidet Strålevernet gjer med kontroll av nedrusting finn du i årsmeldinga frå 2017.

Inspektører (hvitkledd) kontrollerer et kjernevåpen under oppsyn av vertsnasjonens (burgunderkledd) personell. Foto: AWE

Inspektører (hvitkledd) kontrollerer et kjernevåpen under oppsyn av vertsnasjonens (burgunderkledd) personell. Foto: AWE