Stråleterapi

I behandling av kreft er stråleterapi/strålebehandling ein viktig bit. Føremålet med strålebehandlinga er å kontrollere eller å øydelegge kreftcellene. Stråleterapien vert gitt anten som einaste behandling, eller i kombinasjon med andre behandlingsformer, som kirurgi og/eller kjemoterapi. Behandlinga er lokal, det vil seie at strålinga berre vert retta mot området der kreftcellene er. Hensikta med behandlinga kan vere at pasienten skal verte frisk (kurativ behandling) eller behandlinga kan verte gitt som ein del av symptomforebygging og symptomlindring for pasienten (palliativ behandling).