Radioaktivitet i plantar, sopp og lav

Tilbake

Publisert 01.10.2014, oppdatert 21.12.2018 11:20

Stikkord: Radioaktivitet i miljøet, Planter, sopp og lav

Tsjernobyl-ulykka førte til at lav fekk mykje radioaktiv forureining direkte frå nedfallet. No er det forureina lavet i stor grad beita ned. Sopp i forureina område inneheld generelt meir radioaktivitet enn plantar. Dette aukar nivåa i dyr som et sopp.

Rimsopp kan ta opp mykje radioaktivt cesium. Foto: Håvard Thørring, DSA.

Rimsopp kan ta opp mykje radioaktivt cesium. Foto: Håvard Thørring, DSA.

Innhaldet av radioaktiv forureining i plantar, sopp og lav kan variere mykje mellom område og ulike artar. Radioaktiviteten i desse vekstane blir teken opp i dyr som et dei. Overvaking etter Tsjernobyl-ulykka viser at nivåa i plantar, sopp og lav utviklar seg forskjellig over tid. Etter ulykka fekk lavet høge nivå av radioaktivt cesium, men dette er no i stor grad beita ned.

Plantar og sopp tek opp radioaktiv forureining frå jordsmonnet via røter og sopphyfar. Nivået av radioaktivitet i plantar og sopp er avhengig av:

  • art 
  • mengda av radioaktiv forureining i jordsmonnet 
  • jordsmonnet sine kjemiske og fysiske eigenskapar

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) overvaker nivåa av radioaktivt cesium i beitevekstar og bær frå utsette område. Røsslyng peikar seg ut som ein av artane med høgast opptak av cesium-137. Molter tek generelt opp meir radioaktivitet enn blåbær, tyttebær og villbringebær.

Mange soppartar kan ta opp svært mykje radioaktivt cesium og dermed innehalde mange gonger meir radioaktivitet enn plantar. Nivåa i sopp varierer mykje mellom område og artar. Sopp frå forureina område kan framleis ha veldig høge nivå.

I samarbeid med Norges sopp- og nyttevekstforbund overvaker DSA førekomsten og nivåa av radioaktivitet i sopp. Mykje sopp fører til auka nivå i beitedyr og hjortedyr.

Du finn meir informasjon om radioaktivitet i sopp, inkludert kva for artar som har dei høgaste nivåa, på sidene våre på Miljøstatus.no.  

Lav

Lav har ikkje røter, men tek opp næring direkte gjennom overflata, noko som gjer den spesielt utsett for radioaktivt nedfall. Lav frå områda som mottok mest nedfall frå Tsjernobyl-ulykka fikk derfor svært høge nivå av radioaktivt cesium. Dette førte igjen til veldig høge nivå i reinsdyr, som et lav, i år etter ulykken.

Sidan lav ikkje tek opp ny forureining frå jorda slik som plantar og sopp, går nivået av radioaktivt cesium raskare ned i lav enn i andre vekster. Lav kan likevel fortsatt innehalde mykje radioaktivitet i dei mest forureina områda. DSA følgjer utviklinga utvalgte stadar i landet.