Radioaktivitet i husdyr på beite

Tilbake

Publisert 01.09.2016, oppdatert 21.12.2018 11:13

Stikkord: Husdyr, Radioaktivitet i miljøet

Konsentrasjonen av radioaktivt cesium i utmark blir redusert svært langsamt. Husdyr som et beitevekstar i forureina utmark, får derfor høgare nivå av radioaktivitet i kjøt og mjølk enn andre husdyr.

Sauar på beite. Foto: Olaug Gjelsvik.

Sauar på beite. Foto: Olaug Gjelsvik.

Utmark er meir utsett for radioaktiv forureining

Nivåa av cesium-137 i utmark blir redusert mykje saktare enn på dyrka mark. Gjødsling og pløying gjer dei radioaktive stoffa mindre tilgjengelege for plantar og sopp, og dette blir naturlegvis ikkje gjort i utmark. Småfe og storfe som beitar på forureina utmark, kan derfor få i seg forholdsvis mykje cesium-137. Dette fører igjen til radioaktiv forureining i kjøt og mjølk.

Cesium-137 i kjøt og mjølk blir redusert ved gjennomføring av tiltak

Ein kan unngå å kassere kjøt og mjølk ved hjelp av forskjellige tiltak for å redusere nivåa av radioaktiv forureining i dyra. Det blir framleis utført slike tiltak i dei mest utsette områda i dag.

Eit vanleg tiltak er å fôre ned – dvs. at bøndene tek dyra tidleg ned frå beite og lèt dei ete reint fôr i ein bestemt periode før dei blir slakta. Mattilsynet utfører kvart år målingar på levande sau i slike område for å kontrollere at konsentrasjonen i dyra ligg under grenseverdien. Dersom nivåa er for høge, må ein fôre ned dyra ein viss periode før dei kan bli slakta.

Sjå sidene våre om radioaktivitet i dyr på utmarksbeite på Miljøstatus.no for meir informasjon og oppdaterte oversikter over bruk av tiltak for småfe.

Prognosar for slaktesesongen

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) følgjer nivåa av cesium-137 i kjøt og mjølk i dyr på utmark gjennom beitesesongen. Kvar veke gjennom sommaren blir det gjort målingar av ku- og geitemjølk i utvalde besetningar, og dette dannar grunnlag for prognosar for slaktesesongen. Dersom det tidleg blir målt høge verdiar, og prognosane tilseier at dyra vil kome over grenseverdien når dei skal slaktast, kan dyreeigarane utføre ekstra tiltak for å redusere nivåa før slaktesesongen startar.

Under Publikasjoner i høgre kolonne, finn du dei siste sommarovervakingsrapportane.

Nivåa blir påverka av mengda av sopp på beitet

Mange soppartar kan ta opp mykje radioaktivt cesium, og dyra et gjerne mykje sopp. Dersom det er mykje sopp tilgjengeleg i utmarksbeitet, kan dyra få i seg meir cesium-137. Derfor overvaker DSA i samarbeid med Norges sopp- og nyttevekstforbund utviklinga av soppførekomstar i august og september. Dette inngår i prognoseestimata.