Radioaktivitet i saltvassfisk

Tilbake

Publisert 12.10.2013, oppdatert 22.10.2018 10:59

Stikkord: Radioaktivitet i marint miljø, Radioaktivitet i miljøet

Nivåa av radioaktivitet i fisk blir overvaka for å sikre at fisken er trygg for norske forbrukarar og andre land som importerer han. Konsentrasjonane av radioaktive stoff i fisk frå norske hav- og kystområde i dag er låge og inneber ikkje nokon helsefare.

Overvaking av fisk

Strålevernet er ansvarleg for overvaking av radioaktivitet i fisk frå norske kyst- og havområde. Dette gjer ein for å ha oversikt over tilstanden i havet, og kunne dokumentere at fisken er trygg å bruke som mat for norske forbrukarar og for eksport til andre land. I fisk måler vi innhaldet av menneskeskapte radioaktive stoff som cesium-137 og technetium-99. Vi måler også det naturleg radioaktive stoffet polonium-210.

Kjelder til radioaktivitet i fisk

Cesium-137 i havet stammar frå blant anna Tsjernobyl-ulykka og Sellafield-anlegget i Storbritannia. Technetium-99 stammar hovudsakleg frå Sellafield-anlegget. Polonium-210 finst naturleg i sjøvatn.

Meir informasjon om nivåa av radioaktivitet i saltvassfisk i nære havområde finn du på sidene våre på Miljøstatus.no.