Radioaktivitet i reindriftsutøvarar

Tilbake

Publisert 21.04.2016, oppdatert 21.12.2018 11:13

Stikkord: Radioaktivitet i miljøet, Mennesker

Reindriftsutøvarar er særleg sårbare for radioaktiv forureining fordi dei et mykje reinsdyrkjøt, som kan innehalde høge nivå i forureina område. For å følgje utviklinga og vurdere effektiviteten av ulike tiltak måler norske strålevernsmyndigheiter radioaktivitet i reindriftsutøvarar, frå utvalde område.

Undersøkingar i Midt-Noreg etter Tsjernobyl-ulykka i 1986

På grunn av mykje Tsjernobyl-nedfall i Midt-Noreg har Direktoratet for strålevern og atomtryggleik sidan 1987 målt radioaktivt cesium i reindriftsutøvarar, frå heile det sørsamiske området, med hovudvekt på områda rundt Snåsa og Røros. Formålet med undersøkingane er å følgje med på korleis forureiningsnivåa endrar seg med tida, og dessutan vurdere effektiviteten av tiltak som blei innførte for å redusere inntaket av radioaktivt cesium hos reinsdriftsutøvarar. Dei høgaste konsentrasjonane av cesium-137 blei målte i 1988. Den høgaste måleverdien var 3500 Bq/kg, noko som svarer til ein stråledose på ca. 8,5 mSv per år.

Artikkelen held fram under biletet.

Måling av radioaktivtet i kroppen. Foto: Geir Tønset, Adresseavisa

Måling av radioaktivtet i kroppen. Foto: Geir Tønset, Adresseavisa

Målingar av radioaktivitet i reindriftsutøvarar sidan 1965

Då Tsjernobyl-ulykka ramma reindriftsnæringa, hadde norske strålevernsmyndigheiter følgt nivåa av radioaktivt cesium i reindriftsutøvarar frå Kautokeino i meir enn 20 år. Bakgrunnen for dette var dei mange prøvesprengingane av kjernevåpen i atmosfæren på 1950- og 1960-talet. Det var kjent allereie tidleg på 1960-talet at personar som et mykje reinkjøt, har spesielt mykje radioaktivt cesium i kroppen. I motsetnad til mange stader lenger sør blei Kautokeino-området lite ramma av Tsjernobyl-ulykka, og i dag har ikkje reindriftsutøvarar i Finnmark meir radioaktivt cesium i kroppen enn nordmenn flest. Undersøkingane i Kautokeino blei derfor avslutta i 2010.

Det er viktig med tiltak mot radioaktiv forureining

Sjølv om nedfallet frå Tsjernobyl-ulykka i Midt-Noreg var vesentleg større enn nedfallet frå dei atmosfæriske prøvesprengingane i Finnmark, har ikkje gjennomsnittsnivåa hos reindriftsutøvarar i det sørsamiske området vore høgare enn hos reindriftsutøvarar i Kautokeino på 1960-talet. Dette skuldast omfattande bruk av tiltak mot radioaktiv forureining. Viktige tiltak er / har vore å gjennomføre slaktesesongen noko tidlegare, fôre ned dyr ved å gje dei ”rent” fôr nokre veker før dei blir slakta, velje ut dyr med låge nivå til slakting, og å følgje særskilte råd om kosthald. Utan slike tiltak ville stråledosane til ein gjennomsnittleg reindriftsutøvar vore opp mot ti gonger høgare for perioden 1986 til i dag.

Ingen påvist helseeffekt

 Det er førebels ikkje påvist nokon auke i førekomsten av kreft eller andre helseeffektar som resultat av den ekstra stråledosen reindriftsutøvarane i Noreg har vore utsette for. Ein studie av kreftførekomst i den nordsamiske befolkninga i Noreg fann ikkje auka hyppigheit av noka kreftform. Derimot blei det funne betydeleg lågare samla hyppigheit av kreft i den samiske befolkninga enn i resten av befolkninga (i området og i resten av landet). Dette er i samsvar med tilsvarande undersøkingar i Sverige og Finland og skuldast sannsynlegvis samane sin livsstil og diett.