Konvensjonar for atomsikkerheit

Tilbake

Publisert 09.10.2013, oppdatert 23.01.2015 10:49

Stikkord: Internasjonalt samarbeid

Noreg er medlem av fleire internasjonale konvensjonar for atomsikkerheit.

Konvensjonane for tidleg varsling og assistanse ved atomulykker av 1986 seier at medlemslanda i tilfelle atomulykker skal varsle kvarandre og/eller IAEA så tidleg som mogleg og kunne be om assistanse ved behov. IAEA si rolle under desse konvensjonane er å formidle informasjon, medverke og koordinere tilgjengelege ressursar.

Konvensjonen for fysisk vern av kjernefysisk materiale av 1987 set krav til statane si fysiske sikring av kjernefysisk materiale. Konvensjonen sitt verkeområde blei utvida i 2005, men dette tillegget har enno ikkje blitt ratifisert av dei nødvendige to tredjedelar av medlemsstatane for å tre i kraft.

Konvensjonen for kjernesikkerheit av 1996 forpliktar alle medlemsstatane til å søke å få i stand stadig høgare standardar for sikkerheit ved sine atomanlegg. Partane er forplikta til å regelmessig sende inn rapportar om verksemda si for kritisk gjennomgang av dei andre landa.

Felleskonvensjonen for sikker behandling av brukt kjernebrensel og sikker behandling av radioaktivt avfall av 2001 angjev ei rekkje føresetnadar som må inngå i det nasjonale systemet for behandling av brukt kjernebrensel og radioaktivt avfall. Partane er forplikta til å regelmessig sende inn rapportar om verksemda si for kritisk gjennomgang av dei andre landa.