Internasjonalt samarbeid

Tilbake

Publisert 09.10.2013, oppdatert 20.12.2018 14:52

Stikkord: Internasjonalt samarbeid

Strålevern og atomstryggleik er prega av et omfattande internasjonalt samarbeid. Dette gjeld ikkje berre samarbeid om normer for forvaltning, men også eit aukande samarbeid om forsking over landegrensene.

Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) er eit FN-organ med viktig innsats på alle område av betyding innan strålevern og atomtryggleik. IAEA forvaltar konvensjonar, standardar og tilrådingar, og er ei drivande kraft i det internasjonale samarbeidet om atomberedskap. Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) deltek tungt i ei lang rekkje av aktivitetane til IAEA, og yt hjelp til Utanriksdepartementet i Noreg.

DSA spelar ei sentral rolle i gjennomføringa av Regjeringa sin handlingsplan for atomtryggleik i Nordvest-Russland. Dette inneber blant anna nært samarbeid med relevante russiske styresmakter. DSA forvaltar tilskotsmiddel knytt til regjeringas handlingsplan for atomverksemd og miljø i nordområda og handsamar søknadar, rapportering og spørsmål knytt til forvalting av tilskotsmidla over atomhandlingsplanen.

DSA prioriterar høgt ein aktiv dialog og samarbeid med EU både på forvaltningsområdet og innan forsking. Det europeiske forskingssamarbeidet omfattar eit program om atomtryggleik og strålevern, og er involvert i ei rekkje prosjekt i EU sitt 6. og 7. rammeprogram.

Den internasjonale strålevernkommisjonen (ICRP) vart danna i 1928, og har framleis stor fagleg autoritet gjennom utvikling av risikovurderingar og normforslag. Desse påverkar i høg grad utviklinga av internasjonale normer og praktisk arbeid med strålevern i andre internasjonale organisasjonar. Tilsvarande utviklar strålevernkommisjonen for ikkje-ioniserande stråling (ICNIRP) normforslag på sitt område.

 

Styresmaktene til dei nordiske landa innan strålevern, atomtryggleik og atomberedskap samarbeidar nært om ei rekkje spørsmål. Det nordiske sjefsmøtet er veletablert og møtast to gonger i året for å utvikle felles syn i sentrale spørsmål, vidareutvikle nordisk beredskap og etablere eller følgje opp samarbeidsprosjekt. DSA deltek også i Nordisk kjernesikkerhetsforskning (NKS). Hovudmålet med dette samarbeidet mellom dei fem nordiske landa er betra tryggleik, auka kompetanse og meir kunnskap på kjernetryggleiksområdet.